Sogn og Fjordane
- Hva vil deres fylkesparti gjøre for å bedre forholdene for sykkeltrafikken i fylket?
- Vil dere jobbe for at sykkel gitt av arbeidsgiver ikke skal inntektsbeskattes, på lik linje med fri bilparkering?
- Hvilke virkemidler mener dere er de beste for å oppnå regjeringens og Stortingets mål om en økt sykkelandel?
- Hvordan vil dere parti prioritere sykkeltrafikk fremfor biltrafikk?
1. Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil arbeide for at det vert bygd fleire gang- og sykkelvegar i fylket - og då særleg i tettbygde strøk, områda kring skulane og langs med dei mest trafikkerte vegane våre.
2. Dette er eit spørsmål som vert handsama av Stortinget og er soleis ikkje tema for fylkestinget. Senterpartiet er generelt positive til alle tiltak som kan redusere klimautsleppa, betre miljøet - og her også gjere at folk flest kjem i betre fysisk form. Vi vil følgje opp dette gjennom partiorganisasjonen.
3. Betre infrastrukturen - først og fremst fleire gang og sykkelvegar, kampanjar for haldningsendring slik at folk flest nyttar meir sykkel.
4. I eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane med lange avstandar vil bilen framleis vere eit viktig framkomstmiddel. Vi må derfor lage eit vegsystem og ein infrastruktur som tek omsyn både bilistar og sykkellistar sine behov. For vårt fylke er det derfor ikkje enten eller, men både og.
5. Senterpartiet er opptekne av å betre forholda for både gåande og sykkellistar, og då er satsing på gang- og sykkelvegar ein svært god strategi. Dette er også eit viktig tiltak i "aksjon sikker skuleveg".
Til toppen - Tips en venn!































